Teaterkomitéen er i gang

12jun

Styret i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag har valt ein eigen teaterkomité til å ta seg av alle teater-arrangement.

For teateråret 2016/2017 består komitéen av Morten Hetland (leiar), Laila Øvrehus, Judith Synnøve Svendsen, Tone Smith og Hilde Hauge (styret sin representant).

På sitt første møte gjekk Teaterkomitéen inn for å få i stand faste, uformelle samlingar med pub og teatersport/improteater på Hjelmeland Samfunnshus éin fredag kvar månad. Vidare har Teaterkomitéen planlagt premiere på Hjelmelandsrevyen 2016: «Snipp, snapp, snute…?» torsdag 24. november, med framsyningar fredag 25. og laurdag 26. november.

Dei som har ynskje om eller idéar til teaterframsyningar eller andre teaterarrangement, kan kontakta leiar i Teaterkomitéen på tlf. 45 43 69 05 eller morten.hetland@gmail.com.

Legg att eit svar