Meir stemning – mindre energi

05aug

Hjelmeland Ungdomsteater held i desse dagar på med å skifta ut scenelysa på Hjelmeland Samfunnshus. Resultatet skal bli betre publikumsoppleving og lågare straumrekning.

OPP OG NED: Per Inge Egeland (i stillaset) og Morten Hetland tek ned dei gamle og henger opp nye lampar i lysriggen. Henrik Smith (til venstre) ser fram til å ta det nye anlegget i bruk. (Foto: Magnar Riveland)

Mange av lampane i den gamle lysriggen på Samfunnshuset er fleire tiår gamle. Det gjer at dei både er umoderne og energikrevjande.

– Me skiftar dei ut med nye LED-lampar. Dei gamle brukte 1.000 watt kvar. Dei nye bruker 80 watt, seier Morten Hetland, leiar i Hjelmeland Ungdomsteater.

Men det er ikkje berre energisparing som er årsaka til at lampane blir skifta ut.

– Publikum kjem garantert til å merka at det har skjedd noko. Me kan skifta farge og intensitet på kvar lampe. Det betyr at me kan skapa stemningar på scenen på ein heilt anna måte enn tidlegare. Instruktørane kan skapa mykje saman med teknikarane, meiner Hetland.

Henrik Smith, teknisk ansvarleg i ungdomsteateret og lyd- og lysmeister gjennom mange år, ser også fram til å ta i bruk det nye lysanlegget.

– Berre det å skifta fargar når me vil, er ei ny verd. Tidlegare måtte me fysisk opp og montera eit plastfilter i ønska farge over ein lyskastar, men då var me låste til å bruka den fargen resten av framsyninga. Det einaste me kunne gjera var å slå lampane av eller på, og justera lysstyrken opp eller ned. Dette blir ei ny verd, og det blir veldig mykje kjekkare for teknikarane å styra lys framover, trur Smith.

Det nye anlegget gjer det også muleg å bruka projiserte bilde eller levande film som bakgrunn og kulissar på scenen. Morten Hetland reknar med at det vil bli teke i bruk på fleire av teaterproduksjonane framover.

– Ungdomsteateret skal setja opp «Løvenes konge» i april neste år. Der er det veldig aktuelt å bruka projektor for å skapa den rette ramma, seier Hetland.

Før den tid skal Ungdomsteateret også setja opp ei jubileumsframsyning i oktober, og stykket «Klimadrama» i januar. Det er også planar om fleire produksjonar i vaksenteateret på Samfunnshuset i løpet av hausten og våren.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 05.08.2016, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:
2016-08-05 Meir stemning – mindre energi

Legg att eit svar