Revy for femtande gong

16okt

Teaterkomitéen i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag inviterer til framsyning av ein fersk, nyskriven revy på Hjelmeland Samfunnshus 24., 25. og 26. november.

1991 var året for «alle» nyvinningane i Hjelmeland: GEA byrja å selja soft-is, minibanken i Årdal blei opna av ordførar Håkon Helgøy, MF «Hjelmeland» byrja å gå til Ombo og på Mångt & Metta blei det for første gong selt mannfolkblad. Men kva har skjedd i Hjelmeland dei siste 25 åra? Er det snart «snipp, snapp, snute» for heile Hjelmeland, slik me kjenner det…?

På scenen: Bjørn Nessa, Edel Gausland, Joar Hauge, Krister Seljeset, Morten Hetland, Paul Øvrehus, Judith Synnøve Svendsen, Tone Smith og Tonje Flatø Nessa.

I bandet: Anders Smith, Jørgen Dyrskog, István Horváth, Roger Sjursen, Morten Hetland, Else Mæle, Gerd Eli Lomeland, Gunn Ørsal og Bodil Kvame.

Regi: Laila Øvrehus og Kristin Barvik.

Lys- og lydansvarleg: Henrik Smith.

Rekvisitt- og kostymeansvarleg: Mette Ingvaldstad.

Sufflør: Monika Vanvik.

Tekstforfattarar: Oskar Ommundsen, Morten Hetland, Laila Øvrehus, Tone Smith, Synnøve Svendsen, Henrik Smith, Anders Smith, Roger Sjursen og Magnar Riveland.

Produsent: Morten Hetland.

Legg att eit svar