Set opp drama om klima

18jan

Det er klimavurderingar på mange plan som er tema når Hjelmeland Ungdomsteater i morgon kveld set opp «Klimadrama» på Hjelmeland Samfunnhus.

PREMIERE I MORGON: Skodespelarane i Hjelmeland Ungdomsteater er klare for premiere i morgon kveld. (Foto: Morten Hetland)

Det er Merete M. Stuedal og Lisa Smith Walaas som har skrive stykket på oppdrag frå Norsk Klimanettverk. Målet er å få ungdom meir engasjerte i klimasaka. Temaet er korleis folk stiller seg til den viktige saka – både personleg og meir overordna.

Blant personane publikum møter, er mellom anna Gartnaren som kjenner ei djup kjærleikssorg over ein plante som ikkje greier å leva lenger. Dei møter også Den umotiverte som juksar når ho resirkulerer, Den uengasjerte som skyv ansvaret over på politikarane og Politikarane som står på kanten av stupet og forhandlar om jorda si framtid.

Hjelmeland Ungdomsteater er eit fast tilbod til ungdom i Hjelmeland, som har øvingar heile året. Dei er ikkje nødvendigvis prosjektbaserte, men produserer likevel mange framsyningar. I fjor viste dei mellom anna krimkomedien «Mord over ein låg sko» av Knut Nærum og «Jul i Viga» i Vigatunet i desember. I slutten av april presenterer dei musikalen «Løvenes konge», men først er det altså «Klimadrama» som står på plakaten.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 18.01.2017, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2017-01-18 Set opp drama om klima

Legg att eit svar