Bringer Afrika til scenen

19apr
LÆRER AV FAR: Vesle Simba (Ole A. Schläwicke) har faren, løvekongen Mufasa (Tarjei Sellevoll), som sin viktigaste læremeister. (Foto: Magnar Riveland)

Det blir kjende songar og figurar i ny innpakking når Hjelmeland Ungdomsteater inviterer små og store til premiere på «Løvenes konge» siste helga i april.

Dei fleste kjenner nok historia om Simba – løveguten som lærer om sin plass i «livets sirkel» medan han kjempar seg gjennom fleire hinder for å bli den rettmessige kongen i løveriket – frå Disney sin animasjonsklassikar frå 1994. Songar som «Can You Feel the Love Tonight», «Circle of Life» og «Hakuna Matata» har blitt «folkeeige». Det finst også ein musikalversjon, men Hjelmeland Ungdomsteater har ikkje sett så mykje på andre versjonar.

– Me gjer det på vår måte og lagar vår eigen versjon av historia, seier Morten Hetland som er instruktør saman med Laila Øvrehus.

Det er tjue ungdomar på scenen, og endå fire-fem til involverte i teknikk, scene og andre delar av produksjonen. Dei har jobba sidan august, og kan visa fram ein scenografi og – vonleg – skodespel som overgår alt dei har gjort før.

– Me har aldri øvd så lenge og lagt ned så mykje arbeid i ein produksjon tidlegare, seier Morten Hetland.

Amund Thomsen, som deler hovudrolla med Ole A. Schläwicke og speler rolla som Simba etter at han har blitt stor, merkar at det gir resultat.

– Eg har vore med på fleire av framsyningane me har laga i Hjelmeland Ungdomsteater, og dei har vore bra og løgne på sin måte, alle saman. Men denne gongen er me på eit høgare nivå. Dette er berre bra, meiner han.

SNART MAJESTET: Råda frå den litt spesielle mandrillen Rafiki (Janne Sjursen) er gode å ha med seg når Simba (Amund Thomsen) skal bli «Løvenes konge». (Foto: Magnar Riveland)
FÆL ONKEL: Simba sin hovudutfordrar er onkelen, Scar (Jake E. Karlsen), som har slege seg saman med hyenane og åtseldyra. Hyenen Banzai (Nina Maritha Egeland) er blant dei som får merka hans vreide. (Foto: Magnar Riveland)

Han er ikkje avskræmd av ein øvingsperiode på åtte månader heller.

– Det er veldig kjekt i starten, då manuset og alt er nytt, men så kjem ein periode der det berre er terping og terping. Nå, dei siste vekene, har det berre vore knallkjekt igjen, seier Amund Thomsen.

Dei andre som er med bekreftar gjerne det. Dei synest det har vore kjekt å jobba med eit stoff dei har eit forhold til, og songar dei kjenner godt frå filmen «Løvenes konge».

– Og så har me lært masse swahili. Namna på karakterane er ord frå swahili. Simba betyr løve, Mufasa betyr konge og Rafiki betyr venn, ramsar dei opp.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 19.04.2017, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2017-04-19 Bringer Afrika til scenen

Legg att eit svar