Eventyrleg løvemusikal

03mai

Hjelmeland Ungdomsteater imponerte tre fulle hus på Hjelmeland Samfunnshus i helga. «Løvenes konge» blei ein suksess.

HAKUNA MATATA: To veldig gode skodespelarar frå «Løvenes konge», Ole A. Schläwicke som unge Simba og Herman Breivik Rød som Timon. (Foto: Magnar Riveland)

Hjelmeland Ungdomsteater hadde lagt lista høgt til «Løvenes konge». Det har neppe blitt lagt så mykje arbeid ned i scenografi, kostyme og sminke nokon gong. Det sceniske med framsyninga var lekkert. Det er litt farleg å ha så høge ambisjonar. Teater er ikkje innpakking – det er i første rekkje innhald. Heldigvis var det innhaldet som var det aller beste med «Løvenes konge».

UNGE LØVER: Ole A. Schläwicke og Elise Bergøy som dei to løveungane som seinare skal bli konge og dronning – Simba og Nala. (Foto: Magnar Riveland)

Publikum fekk både le og grina litt. Det var morosamt og spennande, fartsfylt og skremmande, tett og nært. Danse- og kampscenane var veldig bra koreograferte. Songnummera sette publikum i stemning. Karakterane var truverdige. Historia blei levert utan nøling. Alt sat som det skulle.

Laila Øvrehus og Morten Hetland har hatt hand om regien. Dei har nytta den utbygde scenen maksimalt, og flytta mykje av spelet heilt fram til første benkerad. Skodespelarane kom tett på publikum. Det er avslørande, men ungdomane på scenen takla det utan vanskar.

Det er ingen tvil om at dei har arbeidd veldig mykje med framsyninga, men den viktigaste jobben blei nok likevel gjort før dei starta opp. Det er noko som heiter «casting» på godt norsk. Tildeling av roller. Her har dei to regissørane vore veldig flinke til å plukka dei rette skodespelarane. Det er fleire talent i Hjelmeland Ungdomsteater som har vist kva dei kan i tidlegare framsyningar. I «Løvenes konge» dukka det opp fleire nye. Atter andre blomstra på ein måte dei ikkje har gjort før. Det viser at tildelinga av roller har vore gjennomtenkt. Alle dei 20 på scenen gjorde jobben.

SKUMMEL: Jake E. Karlsen var skremmande og gjennomført god som skurken Scar. Her er han saman med hyenene Nina Maritha Egeland, Willi Lippek (skjult) og Anna Solvang Vadla. (Foto: Magnar Riveland)

Ole A. Schläwicke er eit naturtalent, og han har vist det fleire gonger før. Det er ikkje mange 14-åringar som er så herleg frigjorde frå «nå-står-eg-på-scenen-og-seier-replikkar» som han, og han har også åndsnærvær nok til å lura handa umerkeleg bak i bukselinningen og slå på sendaren til myggen som var av då han gjekk på scenen utan å falla ut av rolla eit sekund. Han vekslar med Amund Thomsen i hovudrolla som Simba. Det fungerer veldig fint. Thomsen gir Simba djupna og klokskapen som trengst før det endelege oppgjeret med onkelen, Scar. Jake E. Karlsen elskar rolla som den grufulle og utspekulerte superskurken Scar, og leikar seg gjennom framsyninga saman med dei knallgode hyenene Anna Solvang Vadla, Nina Maritha Egeland og Willi Lippek.

Tarjei Sellevoll speler to roller. Dei er veldig forskjellige, men han fyller løvekongen Mufasa med klok autoritet like naturleg som han speler det enkle og tøysete vortesvinet Pumbaa.

Best av alle var likevel Herman Breivik Rød som stykkets turbodrivne gjøglar, surikaten Timon. Det kan sjå ut som ei takknemlig rolle å spela, men det er krevjande å sleppa seg så til dei grader laus.

Då har me stort sett ramsa opp mannlege roller. Det er ikkje tilfeldig. Det er mykje vanskelegare å gjera like mykje ut av dei kvinnelege rollene i «Løvenes konge». Det er ikkje Hjelmeland Ungdomsteater si skuld. Renate Åsland Håland var til dømes veldig god som kongens stressa adjutant Zazu og me likte Nala i både ung og litt eldre utgåve, for å nemna nokre av dei. Dei hadde fortent at Disney sitt manus gav dei endå meir å spela på.

Me er spente på korleis Hjelmeland Ungdomsteater skal toppa dette framover.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 03.05.2017, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2017-05-03 Eventyrleg løvemusikal

Legg att eit svar