Eit eventyr er over

23aug
NATUREN OG MENNESKET: I tillegg til Amund Thomsen si rolle som «Olav Bjelland», spelar naturen rundt Hetlandsbygda og Fister ei viktig rolle i filmen «Å velta ei ku». (Foto: Morten Hetland)

Sundag 20. august fullførte Hjelmeland Teater og Hetland Media innspelinga av siste scene til dramafilmen «Å velta ei ku». No startar eit nytt teaterår med fire planlagde framsyningar.

Filmen er regissert av Morten Hetland og Laila Øvrehus. Manuset er skrive av Morten Hetland, basert på romanen «Å velta ei ku» av Vegard Terøy. Fleire skodespelarar frå Hjelmeland Teater, samt nokre uorganiserte skodespelarar og statistar, har bidratt i filminnspelinga.

→ Les òg Hovudroller i lokal spelefilm

Heile prosessen med å skapa ein såpass omfattande spelefilm i Hjelmeland for første gong, har vore eit eventyr og ei oppleving for livet; særleg for skodespelarane og støtteapparatet bak filmen. Me set veldig stor pris på all velviljen me har møtt når me har spurt om hjelp, og ikkje minst vil me retta ei stor takk til Vegard Terøy, som lét oss bruka romanen hans som utgangspunkt for manus til denne filmen.

No er det berre etterproduksjonen som står igjen før filmen er ferdig til visning på Hjelmeland Samfunnshus i månadsskiftet januar/februar 2018. I etterproduksjonen skal me spela inn voice-over (forteljarstemme), komponera og spela inn musikk, justera lyden på dei forskjellige klippa, samt klippa vekk dei filmklippa som ikkje fungerer i historia.

Legg att eit svar