Oppstart av nytt teaterår

23aug

Ungdomsteateret til Hjelmeland Teater hadde i kveld si første øving i det nye teateråret.

Det er ingen tvil om at instruktørane har ambisiøse mål for Ungdomsteateret; mellom anna å auka meistringsfølelsen og sjølvtilliten til ungdommane, gjennom å bruka noko av fritida si på teateraktivitetar i eit positivt ungdomsmiljø.

På den første øvinga var det ca. 30 vaksne og ungdommar som blei betre kjende med kvarandre. Dei fleste var «gamle» medlemmer, men det kom òg to-tre nye for å sjå kva Ungdomsteateret driv med.

I 2017/2018 har Hjelmeland Teater planlagt tre framsyningar for Ungdomsteateret, samt éi framsyning med vaksne aktørar, der det òg blir med nokre aktørar frå Ungdomsteateret.

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar