Kim Larsen-musikal i mars

16sep
TIDSMASKIN: Cathrine Kvame (Joanna), Ole August Schläwicke (Jørgen), Amund Thomsen (Svein) og Susanne Marie Mangle Kvame (Susan) spelar dei fire vennene i første akt. (Foto: Morten Hetland)

I dag starta Hjelmeland Teater prøveperioden til musikalen «Her er mitt liv», basert på songtekstar av Kim Larsen.

Vår trufaste skribent, Magnar Riveland, har omsett tekstane til norsk og skrive handlinga som skal binda tekstane saman. Laila Øvrehus og Morten Hetland er instruktørar, og Anders Smith er kapellmeister.

I «Her er mitt liv» føl me historia til kameratane Jørgen og Svein gjennom barndom, ungdom og vaksenliv, med og utan venninnene Joanna og Susan. På scenen vil det både vera gamle travarar og nye ansikt, og det blir ei god blanding av dramatikk og musikk.

Produksjonsteamet lovar eit variert utval av songar til både lystig nynning og tankefull ettertanke. Songskattar som «This Is My Life», «Papirsklip» og «Joanna» er sjølvsagde innslag, saman med mindre kjende songar som mellom anna «Jyllingevej», «Byens hotel» og «Fru Sauterne».

Premieren blir 15. mars – med framsyningar 16. og 17. mars – og publikum kan gleda seg til ei framsyning litt utanom det vanlege.

Legg att eit svar