Vil du driva barneteater?

06sep
ENGASJERT: Vil du starta og driva barneteater i éi av bygdene i Hjelmeland? Laila Øvrehus har vore trufast som instruktør i Hjelmeland Teater sidan 1985, og var med på å starta Ungdomsteateret vårt i 2011. (Foto: Vegard Terøy)

Hjelmeland Teater er på utkikk etter engasjerte vaksne som ynskjer å starta og driva barneteater i éi eller fleire av bygdene i Hjelmeland.

Sidan 2011 har Hjelmeland Teater drive ungdomsteater, og over hundre ungdommar har opplevd glede og meistringsfølelse gjennom sosiale teateraktivitetar på Hjelmeland Samfunnshus.

No ynskjer Hjelmeland Teater at endå fleire barn skal få oppleva glede og meistring ved å samarbeida om å setja opp framsyningar i sitt eige nærmiljø. Men me har ikkje nok instruktørar sjølv, og treng difor å koma i kontakt med engasjerte vaksne som kunne ha lyst til å ta på seg denne oppgåva.

Viss me greier å dra i gang eitt eller fleire nye barneteater i Hjelmeland, vil dei bli organiserte som avdelingar i Hjelmeland Teater. Leiaren og styret vil då ta seg av alt det administrative arbeidet, mens dei vaksne i bygda blir ansvarlege for opplæringa og det kunstnariske.

Er du interessert? Kommenter under eller ta kontakt med Morten på tlf. 45 43 69 05, for å få instruktørane våre til di bygd. Me gjev éin eller fleire vaksne opplæring og gode tips til korleis ein kan driva barneteater.

Legg att eit svar