Hjelmeland Sparebank blir hovudsponsor

27okt
Samarbeidsavtalen med Hjelmeland Sparebank blei kunngjort av banksjef Súsanna Poulsen på Ungdomsteateret si øving 25. oktober. (Foto: Leif Velde-Johannessen)

Hjelmeland Teater har signert ein treårig samarbeidsavtale med Hjelmeland Sparebank.

Hjelmeland Sparebank blir hovedsponsor for Hjelmeland Teater.

Samarbeidsavtalen sikrar økonomisk forutsigbarheit og viktige midlar til amatørteaterarbeidet i Hjelmeland.

– I ei tid der dei statlege støtteordningane stadig blir reduserte, er me rett og slett avhengige av meir frie midlar for å få drifta vår til å gå rundt. Me er svært glade og takksame for å ha fått ei solid lokal bedrift som Hjelmeland Sparebank – som deler mange av våre verdiar – som hovudsponsor, uttalar leiar Morten Hetland.

Samarbeidsavtalen gjeld for dei neste tre teateråra.

Hjelmeland Teater er ein fusjon av teaterdrifta til tidlegare Hjelmeland Ungdomsteater og Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA. Amatørteaterlaget har ca. 50 medlemmer frå 12 til 85 år, og har faste øvingar for både ungdommar og vaksne kvar veke.

– Medlemstalet og aktivitetsnivået vårt har auka jamt og trutt dei siste åra. Nå skal me utvikla Hjelmeland Teater vidare i samarbeid med Hjelmeland Sparebank, seier Hetland.

Til saman har Hjelmeland Teater planlagt fire teaterstykke, éi filmvisning og eitt historisk spel i løpet av teateråret 2017/2018. I tillegg samarbeider me med Ryfylkemuseet og Hjelmeland kulturskule om å setja opp «Jul i Viga» tysdag 28. november.

Legg att eit svar