Skapte julestemning i Vigatunet

28nov

Hjelmeland Teater og Hjelmeland kulturskule samarbeidde med Ryfylkemuseet om å skapa julestemning i Vigatunet i kveld.

Ca. 40–50 tilskodarar fekk med seg den oppdaterte versjonen av «Jul i Viga», om stabbursmusene og husnissane som synst det har blitt stusseleg å feira jul i Vigatunet, no når det ikkje bur folk der lenger. Men så kjem Stinemor og naboen Ola på besøk, og nabo Ola både syng og fortel om korleis dei gamle juletradisjonane.

Takk til Hjelmeland kulturskule og Ryfylkemuseet for godt samarbeid!

MEDVERKANDE: Teknikarar, musikarar og skodespelarar poserer for fotografen saman med instruktør Laila Øvrehus. (Foto: Hans Widerøe)
TEKNIKARAR: Joakim Hetland (t.v.) og Knut Ø. Dale (t.h.) hadde som vanleg full kontroll på lys og lyd. (Foto: Hans Widerøe)
MUSIKARAR: Berthine M. Bergman (t.v.) og Ida Sværen Oaland (t.h.) frå Hjelmeland kulturskule bidrog med blokkfløyte- og fiolinmusikk til allsongen. (Foto: Hans Widerøe)
SKODESPELARAR: Janne F. Sjursen spelte Nisse-Line, mens Tarjei Sellevoll sjonglerte mellom rollene som stabbursmusa Kalle og Fjøsnissen. (Foto: Hans Widerøe)

Legg att eit svar