Éi veke igjen til juleshow…

03des

Endeleg er det meste på plass, og ungdomsteateret til Hjelmeland Teater no er klare for framsyningar på «No er det jul, igjen!» sundag 10. desember.

Stykket blei urframført i 2013, men i år får publikum ein oppussa og langt meir musikalsk versjon av «No er det jul, igjen!». Både kor og band har terpa på notene, for å skapa den rette julestemninga på Hjelmeland Samfunnshus neste helg.

Elles handlar stykket om stresset, kaoset, juleførebuingane og alle utfordringane knytt til julestria. Det er vanskeleg å fastsetja noko sjanger for stykket, men det næraste blir nok å kalla det ein musikalsk komedie eller farse. Uansett er stykket skrive for å både underhalda og provosera, og publikum får solide dosar av både humor, alvor og stemningsfull julemusikk.

Velkommen til juleshow på Hjelmeland Samfunnshus!

→ Meir informasjon om framsyninga og billettsal finn du her.
Merk at me berre har førehandssal av billettar på nett.
Eventuelle restbillettar blir selde i døra.

ENDELEG STILLE: Julenissen har litt av kvart å stri med i førjulstida. Kanskje han ber om sjukemelding, eller ulønna permisjon…? (Foto: Leif Velde-Johannessen)
STOR FAMILIE: Det er ikkje så enkelt å halda på juleidyllen, når heile storfamilien rykker inn i stova. (Foto: Leif Velde-Johannessen)
OPPSTILLING: Alvane på Nordpolen er lojale ovafor kvarandre, men òg veldig disiplinerte motstandarar mot alle som behandlar dei urettferdig. (Foto: Leif Velde-Johannessen)
HANDLEHYSTERI: Far i familien (Amund Thomsen, t.h.) meiner at jula har blitt eit einaste handlehysteri. (Foto: Leif Velde-Johannessen)
STØTTEAPPARAT: Morten Hetland (t.v.) og Laila Øvrehus (t.h.) er instruktørar for «No er det jul, igjen!». Dei var òg med på å skriva manuset i 2013, då stykket blei urframført. Ole A. Schläwicke er på besøk som motivator. (Foto: Leif Velde-Johannessen)
OMFATTANDE: 26 aktørar og 12 personar i støtteapparatet må i sving når Hjelmeland Teater set opp juleshow. (Foto: Leif Velde-Johannessen)

Legg att eit svar