Dei unge briljerte i Kim Larsen-musikal

16mar
GJEV ALT: Ole August Schläwicke gjev alt i rolla som unge Jørgen og trass stemmeskifte klarer han seg godt også i songane. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Dei to 15-åringane Ole August Schläwicke og Amund Thomsen gjorde ein solid innsats som unge Jørgen og Svein i Hjelmeland Teater-musikalen «Her er mitt liv» framføre rundt 160 premierepublikummarar i Hjelmeland Samfunnshus torsdag. Med enkel scenografi og songane til Kim Larsen i sentrum, fortalde musikalen ei sterk historie om vennskap.

Det aller finaste med musikalen «Mitt liv» er den enkle scenografien. Det blir brukt få og enkle kulissar, rekvisittar og kostyme og skodespelarane sjølve sørgjer for å få kulissar og rekvisittar inn og ut av scena og dette fungerer utruleg godt. Den enkle scenografien gjev rom for det musikalen skal handla om – musikken og historia.

Meldaren må innrømma at ho ikkje har noko nært forhold til Danmarks sin nasjonalskald, men at musikken hans fungerer på norsk og hjelmelandsk er nå definitivt stadfesta. Heile 24 songar inneheld musikalen, og dei blir framførte med engasjement og innleving frå både dei minste som litle Jørgen, spelt av Jonah Hauge, og gamle Jørgen, spelt av Øyvind Pedersen.

Det stødige musikalbandet med kapellmeister og bassist Anders Smith, Espen Bomark på slagverk, István Horváth på tangentar, Ole Henrik Olsen på gitar og Roger Sjursen på saksofon, klokkespel, el-gitar, egg, trestokk, pappkopp (ja, han speler faktisk på ein pappkopp) sørgjer for at songane går stødig.

Smith og Sjursen er også med og korer og hjelper på nokre av songane. Dette gjev ei fin fylde til songane og sørgjer også for at litt mindre stødige songarar får god drahjelp. Det at bandet også er kledde i Kim Larsen-inspirerte kostyme gjer at dei blir ein del av heilskapen musikalen utgjer på ein fin måte.

TIDSMASKIN: Litle Svein spelt av Jone Nessa og litle Jørgen spelt av Jonah Hauge fyk av garde i tidsmaskina si. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Det verkeleg musikalske alibiet i skodespelarensemblet-ensemblet er utan tvil Elin Vestersjø, som speler den vaksne Joanna. Før meldaren går seg alldeles vill i namn og skodespelarprestasjonar; «Her er mitt liv» handlar om Jørgen og Svein som treffest som ungar og blir blodsbrør. Dei er med kvarandre kvar dag og har eit tett vennskapsband.

Men så kjem tenåra og den første, altoppslukande kjærleiken. Begge forelskar seg nemleg i Joanna. Det endar med at Svein får Joanna og det klarer ikkje Jørgen å tilgje han for. Jørgen blir kjærast med Joanna si venninne Susan, men han gløymer aldri Joanna og det øydelegg til slutt forholdet til Susan.

Jørgen og Joanna treffest igjen på sine eldre dagar. Då er ho dødssjuk. Ho får Jørgen til å lova at han skal forsona seg med Svein, og det same må også Svein lova Joanna før ho døyr. – Ikkje ver så forbaska sta, seier ho til Jørgen og det får han høyra frå fleire hald gjennom livet utan at han heilt innser kva staheita har kosta han før han har mista det han ville ha aller mest.

Manusforfattar Magnar Riveland har klart å fletta Kim Larsen-songane og historia han sjølv har dikta saman på ein god måte. Dette samspelet gjer at handlinga i musikalen flyt fint framover. Det er rom for både latter og tårer i musikalen, sjølv om undertonen er alvorleg. Som publikum kan ein kjenna seg igjen i mykje av det som skjer på scena og kjenslene som den første forelskinga, usikkerheit, sjalusi, bitterheit og sorg, og det gjer at historia blir truverdig og opplevest som ekte.

Musikalen er delt opp i to aktar med pause mellom. Rundt to timar gjekk det frå start til slutt. Før pause var det mest fart og schwung over musikalen, men det handlar kanskje også om at her dreier tematikken seg rundt altoppslukande barndomsvennskap og fartsfylte ungdomsår. Etter pausen blir handlinga endå meir alvorleg med samlivsbrot, sjukdom og død.

INNLEVING OG SAMSPEL: Unge Svein spelt av Amund Thomsen og unge Jørgen spelt av Ole August Schläwicke imponerte meldaren med si innleving og sitt samspel. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Etter pausen blei det litt i overkant travelt for sufflør Monika Vanvik. Kanskje var denne delen litt teksttung, men handlinga glir ikkje så godt framover her, og spesielt ikkje når Vanvik må seia heile setninga før dei på scena.

Av dei på scena var det samspelet og innsatsen til Ole August Schläwicke og Amund Thomsen som gjorde mest inntrykk. Å sjå så unge gutar leva seg så inn i rolla og vera så frie og ekte på scena gjer meldaren glad. Det er verkeleg håp for framtida til Hjelmeland Teater.

Samspelet mellom Judith Synnøve Svendsen som vaksne Susan og Joar Hauge som vaksne Jørgen flyt også fint. Krister Seljeset som rektor, lensmann og bedemann, alle tre like alvorlege og strenge, er også med og lyftar og lettar handlinga på scena litt. Tidlegare nemnde Jonah Hauge imponerer også med både replikkar, song og rørsler.

Meldaren kjem ikkje heilt utanom Strandbuen-kollega Magnar Riveland si vesle rolle som bartender på hotellet der Jørgen ferierer i Danmark. Riveland snakkar dansk flytande for eit utrent øyre som meldaren sitt og får latteren på glid i publikum med sine danske gloser og sin direkte veremåte.

I løpet av musikalen får me treffa Jørgen i fire ulike aldrar, måten skifta mellom desse går føre er gjort på ein enkel og genial måte ved at den eldre utgåva kjem inn og klappar den yngre på skuldera, kor den yngre forsvinn ut. Opningsscena der gamle Jørgen betraktar litle Jørgen som sit og leikar med ei seglskute gjev også ein tøff effekt.

Historia blir ramma inn ved at litle Jørgen og mora blir litt i bakgrunnen (bak gjennomskinneleg sceneteppe) i sluttscena med gamle Jørgen. Historia blir også ramma inn ved at musikalen begynner og sluttar med den same songen, «This is My Life», som musikalen har fått namnet frå.

FINN TONEN IGJEN: Gamle Jørgen spelt av Øyvind Pedersen og gamle Svein spelt av Morten Hetland finn tonen igjen mot slutten av musikalen. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Meldaren sakna to ting – litt betre scenelys, nokre av scenene og ansikta blei litt vel mørke, og at teksten spesielt i andre akt hadde sete litt betre. Elles kunne meldaren ha sett musikalen fleire songer og sannsynlegvis stadig oppdaga nye små finessar. Ein av desse var for eksempel effekten med eit raudt eller blått skjerf som følgjer hovudpersonane gjennom dei forskjellige aldrane. Var det tilfeldig at Joanna hadde eit skjerf med ei rosa sløyfe på? Joanna døyr nemleg av kreft.

«It’s all in the detalis», som dei seier, og det har Hjelmeland Teater verkeleg forstått. Samtidig har dei klart å la vera å gå seg vill i detaljane, men held seg til eit enkelt scenebilde. Bildebakgrunnen med utsikt over Hjelmelandsvågen er også veldig fin. Dei 17 amatørskodespelarane speler «Her er mitt liv» både i kveld og i morgon kveld.

AKTØRANE: 17 personar står på scena i musikalen «Her er mitt liv» i Hjelmeland Samfunnshus. (Foto: Elin Moen Karlsen)

Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si nettavis 16.03.2018, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Legg att eit svar