Kim Larsen på hjelmelandsk

13mar
AKTØRANE: Det er mange medverkande på scenen i «Her er mitt liv». Frå venstre: Amund Thomsen, Ole August Schläwicke, Cathrine Kvame, Morten Hetland, Edel Gausland, Susanne Marie Mangle Kvame, Judith Synnøve Svendsen, Elin Vestersjø, Jonah Hauge, Joar Hauge, Magnar Riveland, Øyvind Pedersen, Krister Seljeset, Jone Nessa, Oskar Ommundsen, Hilde Hauge og Frida Hauge. (Foto: Roar Larsen/Strandbuen)
BARTENDER: Manusforfattar og omsetjar Magnar Riveland (t.h.) har skrive inn ein dansk bartender i «Her er mitt liv», for å få lov til å snakka dansk på scenen. Vaksne Jørgen (spelt av Joar Hauge) besøker baren på det danske pensjonatet kvar haust. (Foto: Roar Larsen/Strandbuen)

Det er ingen som har laga ein musikal med Kim Larsen sine songar før. Det er ingen som har omsett Kim Larsen til norsk før. Når det først skjer, så skjer det i Hjelmeland. På hjelmelandsk.

– Historia er heilt vår eiga. Ho er ikkje knytt opp til Kim Larsen sitt liv på nokon måte. Eg har dels laga ei historie og putta inn songar som passar, og dels plukka ut songar og latt dei bestemma korleis historia utviklar seg mellom kvar song, fortel manusforfattar Magnar Riveland.

Kim Larsen har sjølv laga musikalar som filmen «Midt om natten» og teaterframsyninga «Kielergasten». Hjelmeland Teater har laga ein musikal som er vår eigen.

– Me kjenner ikkje til at andre har gjort noko liknande med Kim Larsen sine songar. Me kjenner heller ikkje til plateprosjekt eller anna med omsetjing av songane hans til norsk. Kim Larsen og hans management har vore veldig imøtekomande og gitt oss grønt lys til både å setja om tekstar, skriva manuset me ville og produsera denne framsyninga, seier produsent Morten Hetland.

Riveland har omsett 22 songar og skrive manus. Laila Øvrehus og Morten Hetland er instruktørar, og Anders Smith er musikalsk leiar. I musikalen møter publikum dei to vennene Jørgen og Svein. Dei er blodsbrør og bestevenner, men begge vil ha den same kvinna, Joanna. Det gjer at deira vegar blir skilde.

HØYR PÅ MEG: Gamle Jørgen (spelt av Øyvind Pedersen) insisterer på å gje nokre velmeinte råd til litle Jørgen (spelt av Jonah Hauge). Men vil han lytta til råda? (Foto: Roar Larsen/Strandbuen)

Stykket handlar om vala me gjer i livet og om me hadde vald annleis om me fekk ein ny sjanse. Det er ei humoristisk, rørande, bittersøt og varm feelgood-forteljing om kjærleik, sjalusi og tap – og om venskap.

Manusforfattar Magnar Riveland har vore fan av Kim Larsen sidan 1978.

– Kim Larsen har hatt ei lengre karriere enn dei fleste artistar sidan starten tidleg på 70-talet – både som soloartist og saman med banda Gasolin’, Bell*Star, Bellami og Kjukken, forklarer manusforfattaren.

– Han er veldig produktiv og har for lengst sikra si stilling som Danmarks nasjonalskald. Det er uvanleg mange songar å velja mellom. Me har med songar frå fem tiår, oppsummerer Riveland.

FIRA PÅ EIN SYKKEL: Kim Larsen-låta «Jyllingevej» har blitt til «Fira på ein sykkel», noko som har gitt inspirasjon til denne scenen. Frå venstre: Laila Øvrehus (instruktør), Amund Thomsen (som unge Svein), Cathrine Kvame (som unge Joanna), Ole August Schläwicke (som unge Jørgen), Susanne Marie Mangle Kvame (som unge Susan) og Krister Seljeset (som lensmannsbetjenten). (Foto: Roar Larsen/Strandbuen)

Legg att eit svar