Kim Larsen på norsk

02mar
BANEBRYTANDE: Magnar Riveland er den første i verda til å laga musikal med Kim Larsen sine songar. Det er heller ingen som har omsett Larsen sine songar til norsk før. Her er han kelner på byens hotell og syng Kim Larsen på dansk. (Foto: Roar Larsen)

For første gong kan Hjelmeland Teater presentera ein splitter ny og sjølvskriven musikal. Magnar Riveland har omsett Kim Larsen sine tekstar til norsk og skrive ei rørande historie om Jørgen og vennene hans. Resultatet har blitt «Her er mitt liv».

Hjelmeland Teater er i innspurten til premieren av «This is my life» eller «Her er mitt liv» som den nye musikalen heiter på norsk i Hjelmeland. Kim Larsen har skrive ei rekkje store hits, som Magnar Riveland har omsett til norsk og skrive ei rørande historie rundt.

– Eg omsette dei første tekstane for 12 år sidan. Eg hadde då ein plan om å skriva ein musikal. Den blei ikkje gjort ferdig då for 10-12 år sidan. Men nå var tida der og eg skreiv handlinga rundt songane. Manuset var i grunnen ikkje ferdig før nå i haust, seier Riveland.

Hjelmeland Teater har kjent til planane til Riveland, og det er dei som har lagt press på Riveland for å få han til å gjennomføra planen sin, fortel regissør Laila Øvrehus.

Her er det mange som har lagt ned mykje for å laga ein flott musikal med ein av Nordens største artistar.

ROCK OG POP
– Kim Larsen har ei lengre karriere enn dei fleste artistar. På 1970-talet var han Skandinavias største rockestjerne med bandet Gasolin. På 1980-talet var han Skandinavias største popstjerne med plater som «Midt om natten» og hittar som «Papirsklip» og «Jutlandia» med bandet Bellami. På 1990-talet var han ei litt gløymd stjerne – i alle fall i Norge – som laga mykje ukjent gull med sitt nye band Kjukken. Etter 2000 har han blitt ein klok, gammal trubadur og befesta si stilling som Danmarks nasjonalskald. Det er uvanleg mange songar å velja mellom til eit prosjekt som vårt, seier Riveland.

Riveland og Hjelmeland Teater har laga ei historie som er heilt deira eiga. Ho er ikkje knytt opp til Kim Larsen sitt liv på nokon måte, men er sjølvsagt prega av hans musikk og hans tekstar og det han har prestert kunstnarisk gjennom åra.

Kim Larsen har sjølv laga musikalar som filmen «Midt om natten» og teaterframsyninga «Kielergasten». Magnar Riveland har heile sitt liv vore ihuga Kim Larsen-fan. For å få til denne musikalen har han og teateret måtte ta kontakt med idolet og hans folk.

– Det var kjekt at me fekk lov til å gjera dette. Me har vore i kontakt med Kim Larsen og hans management som gav oss grønt lys til å setja om tekstar og laga framsyninga. Det var ikkje noko problem. Me kjenner ikkje til at andre har gjort noko liknande med Kim Larsen sine songar. Me kjenner heller ikkje til plateprosjekt eller anna med omsetjing av tekstane hans til norsk, fortel Riveland.

Men alle tekstane er ikkje omsett til norsk. Opningsmelodien, som er opphavet til den norske tittelen på musikalen er på engelsk, og heiter «This is My Life». Elles syng mannen bak musikalen sjølv ein song på dansk.

– Eg måtte skriva inn ei dansk rolle til meg sjølv i musikalen, bare så eg fekk sjansen til å snakka og syngja litt dansk, smiler Magnar.

SOM «MAMMA MIA»
Øvingane til Kim Larsen-musikalen pågår for fullt på Hjelmeland Teater. Framsyninga har premiere i midten av mars og er bygd opp på same måte som liknande musikalar og kabaretar med tekstar av mellom anna Mods, Bjørn Eidsvåg, Vamp og andre artistar på ulike teaterscenar dei siste åra.

Det har vore ein draum å regissera denne musikalen.
– Laila Øvrehus, instruktør

– Den er bygd opp som ABBA-musikalen, eller filmen «Mamma Mia» om du vil, der eg dels har laga ei historie og puttar inn songar som passar, og dels plukkar ut songar og lar dei bestemma korleis historia utviklar seg mellom kvar song, fortel Magnar Riveland.

I «Her er mitt liv» får publikum følgja Jørgen gjennom barndommen, ungdommen og vaksenliv. Jørgen og bestevennen Svein deler barndoms- og ungdomstida saman, og berre dei to veit alt om kvarandre – dei er blodsbrør. Men det viser seg at dei er interessert i same kvinne.

– Det har vore ein draum å regissera denne musikalen. Det er så forskjellig frå revy. Me har snudd om på så mye i forhold til revy. Dette er eit alvorleg stykke med mange fine songar innimellom, seier regissør Laila Øvrehus.

Publikum får følgje Jørgen gjennom livet, og fire forskjellige skodespelarar er med og spiller kvar si rolle i dei forskjellige stadia.

– Dei vaksne ungdommane er frå ungdomsteateret vårt. Men dei yngste ungane har aldri vore på scenen før nå. Men det har vore veldig kjekt. Me begynte å øve i september–oktober og tok det litt forsiktig fram til nyttår, og så begynte me for fullt i januar. Vi har hatt litt utskifting av folk, men nå har det sett seg, seier Øvrehus.

Totalt er det nærare 30 personar som bidrar til musikalen, når en i tillegg til dei på scenen tar med musikarar, teknikarar, sufflør og regissør. Magnar Riveland har omsett 22 songar og skrive manus. Laila Øvrehus er instruktør saman med Morten Hetland, Anders Smith er musikalsk leiar og Morten Hetland er produsent.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 02.03.2018, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2018-03-02 Kim Larsen på norsk

Legg att eit svar