Lindgren-klassikar i Hjelmeland

20apr
RONJA OG BIRK: Thea Nising Vatland (til venstre) speler Ronja, og Sofie Velde-Thoresen har rolla som Birk. (Foto: Morten Hetland)

Neste helg er ungdomsteateret til Hjelmeland Teater klare med premiere på «Ronja Røverdatter». Det blir premiere nummer fire på Hjelmeland Samfunnshus sidan desember.

Historia om Ronja og Birk som er barn av dei to rivaliserande røvarhovdingane Mattis og Borka, er ei historie om venskap og kjærleik. Ho utspeler seg ein gong i ei ganske fjern fortid, der møte med vesen som villvetter, grådvergar og rompenissar er meir naturleg enn «overnaturleg», som me ville ha kalla det i dag. Om tida og omgjevnadane er spesielle, er temaet i forteljinga stadig like aktuell.

Ronja og Birk er fødde same natta. Den natta slår lynet ned og deler Mattisborga i to. Dei veks opp på kvar si side av Helvetesgapet, og blir lærte opp til å dyrka fiendebiletet til dei på «den andre sida». Men Ronja og Birk møtest og finn kvarandre. Dei blir vener og flyktar frå den evige familiekrangelen.

Det er som vanleg Laila Øvrehus og Morten Hetland som har regien på framsyninga. I vinter har dei saman sett opp to framsyningar med ungdomsteater, ei framsyning med vaksenteateret og hatt premiere på ein spelefilm. Det er ungdomar i alle roller på scenen og i dei fleste funksjonane på teknikkrommet, i orkestergrava og elles i denne produksjonen.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 20.04.2018, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2018-04-20 Lindgren-klassikar i Hjelmeland

Legg att eit svar