Godt spelt røvarhistorie

02mai
RØVARDOTTERA: Thea Nising Vatland gjorde ein fin figur som Ronja Røverdatter. (Foto: Magnar Riveland)

Hjelmeland Teater sitt ungdomsteater lokka fram både smil, litt skrekk og kanskje ei tåre i augekroken hjå somme med si tolking av «Ronja Røverdatter» i helga.

Historia om Ronja og Birk, som er barn av dei to rivaliserande røvarhovdingane Mattis og Borka, er blant klassikarane til Astrid Lindgren. Ungdomsteateret til Hjelmeland Teater skildrar opprøret til dei to ungdomane som bryt med krangling og fiendskap og hoppar over «Helvetesgapet» – den djupe kløfta som skil røvarane i Mattisborga og Borkarøvarane i Nordborga – og blir vener, på ein fin måte.

Thea Nising Vatland og Sofie Velde-Thoresen gjer ein fin innsats i rollene som Ronja og Birk. Publikum lever seg lett inn i lojalitetskonfliktane dei strir med etter at dei har rømt frå røvarflokkane sine og flytta til Bjørnehola ute i skogen.

NABOKRANGEL: Nabokrangel er ikkje uvanleg i Hjelmeland. Røvarhovdingane Mattis (Amund Thomsen, til venstre) og Borka (Tarjei Sellevoll) er ikkje noko unntak i så måte. (Foto: Magnar Riveland)

Amund Thomsen og Tarjei Sellevoll bringer fart og spenning inn i framsyninga som dei hissige og litt skumle røvarhovdingane Mattis og Borka. Særleg Tarjei Sellevoll, som lagar litt bakoversveis på dei yngste i salen. Ei uvanleg forkjøla Janne Sjursen er fin i rolla som hovdingfrua Lovis, den eigentleg sjefen i Mattisborga, som enkelt vekslar mellom å vera tante Sofie og Mor Godhjarta. Elles er mange morosame biroller godt spelte og tolka, og figurar som rompenissane som møter alt med spørsmålet «koffor det då?» skapar mykje latter i salen.

SPREIDDE LATTER: Ole A. Schläwicke var røvaren som stamma, og Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen var røvaren som alltid ville fullføra setningane for han. Dei fekk opp stemninga i salen. (Foto: Magnar Riveland)

Scenografien er også kjekk. Me var på førehand litt spente på korleis dei to borgane og den djupe kløfta skulle visualiserast. Det blir gjort på ein måte som fyller scenerommet veldig godt, med tre «etasjar» i sceneriggen.

Det har vore ein lang vinter og vår for skodespelarane i ungdomsteateret, der premierar på eigne produksjonar, filmar og deltaking i vaksenteater har stått i kø. Det merkast at dei er litt slitne nå. Energien var litt under toppnivået. Me merka at dei famla litt med tekst og regi her og der. Sceneskifta tok litt lenger tid enn normalt. Dette seier me fordi dei sjølv har lagt lista så høgt. Dei landa likevel på føtene til tre gonger 18,5 i stil og kan ta ferie med godt samvit.

Framsyninga blei spelt to gonger på Hjelmeland Samfunnshus i helga.


Denne artikkelen er henta frå Strandbuen si papirutgåve 02.05.2018, og publisert på nettstaden vår med løyve frå artikkelforfattaren.

Den originale artikkelen finn du under:

2018-05-02 Godt spelt røvarhistorie

Legg att eit svar