Årsmeldingar

Teateråret 2016/2017

OPPUSSING: Bomberommet i kjellaren på Hjelmeland Samfunnshus er i ferd med i bli intimscene og øvingslokale. Jarle Hetland (t.v.) og Martin Hetland (t.h.) stilte med verdifulle dugnadstimar for å leggja isolasjon og undergolv. Isolasjonen er sponsa av Vartdal Plast AS, og materiala er kjøpt inn med støtte frå Hjelmeland Sparebank sitt gåvefond. (Foto: Morten Hetland)

Dette teateråret har så langt vore blant dei mest varierte og krevjande i Hjelmeland Ungdomsteater. Me har sett opp tre forskjellige framsyningar, spelt inn spelefilm, løfta lyssettinga med nye LED-lys i scenetaket og sett i gang bygging av nytt øvingslokale og intimscene i kjellaren på Hjelmeland Samfunnshus.

 

Styret

Morten Hetland – leiar
Jake E. Karlsen
Laila Øvrehus

 

Instruktørar

Laila Øvrehus – hovudinstruktør, skodespel
Morten Hetland – instruktør, skodespel
Leif Velde-Johannessen – instruktør, lys og lyd
Henrik Smith – instruktør, lys og lyd

 

Medlemmer
Dato
Menn
Kvinner
Under 18 år
Over 18 år
31.12.2016
12
19
27
4
31.07.2017
13
15
23
5

 

Framsyningar
FLINK STAB: 13 ungdommar var involverte i framsyninga «Jul i Viga». (Foto: Janneke Wijgergangs)

«Jul i Viga»: Juleframsyning av Morten Hetland, Ryfylkemuseet og Turid Lisbeth Nygård. Regi: Morten Hetland. Éi framsyning i løa i Vigatunet, 29. november 2016. Samarbeidspartnar: Ryfylkemuseet. Speletid: ca 25 minutt. Tilskodarar: ca. 40. Medverkande under 18 år: 12 aktørar og 1 teknikar. Medverkande over 18 år: 1 instruktør/musikar og 1 teknikar.
→ Velkommen til «Jul i Viga» (23.11.2016)

ENGASJERTE: Ti tøffe og engasjerte jenter var på scenen i «Klimadrama», eit nasjonalt ungdomsteaterprosjekt som hadde som mål å engasjera ungdom i problemstillingar knytt til klimaendringar. (Foto: Morten Hetland)

«Klimadrama»: Drama av Lisa Smith Walaas og Merete M. Stuedal. Regi: Laila Øvrehus. Éi framsyning i Hjelmeland Samfunnshus, 19. januar 2017. Samarbeidspartnarar: Klimafestivalen §112 og Folkeakademiet i Hjelmeland. Økonomisk støtte: Sparebankstiftelsen DNB og Frilynt Norge. Speletid: ca 60 minutt. Tilskodarar: ca. 25. Medverkande under 18 år: 10 aktørar og 4 teknikarar. Medverkande over 18 år: 1 instruktør.
→ Set opp drama om klima (18.01.2017)

MUSIKALSK GJENG: Aktørar og teknikarar i «Løvenes konge». (Foto: Morten Hetland)

«Løvenes konge»: Drama-musikal basert på «Løvenes konge» av Irene Mecchi, Jonathan Roberts og Linda Woolverton, basert på «Hamlet» av William Shakespeare. Regi: Morten Hetland og Laila Øvrehus. Tre framsyningar i Hjelmeland Samfunnshus, 28.–30. april 2017. Samarbeidspartnar: Folkeakademiet i Hjelmeland. Økonomisk støtte: Frilynt Norge. Speletid: ca 90 minutt. Tilskodarar: ca. 450. Medverkande under 18 år: 19 aktørar og 4 teknikarar. Medverkande over 18 år: 1 aktør, 4 kostymemakarar og 3 instruktørar.
→ Bringer Afrika til scenen (19.04.2017)
→ Vellukka generalprøve (26.04.2017)
→ Eventyrleg løvemusikal (03.05.2017)

 

Andre prosjekt
TEATERSPRELL: Morten Hetland (i midten) og Laila Øvrehus arrangerte gratis teaterkurs for ungdommar i sommarferien. (Foto: Magnar Riveland/Strandbuen)

4.–5. august 2016 arrangerte me «Teatersprell» – med leik og moro for ungdommar i aldersgruppa 13-18 år – på Hjelmeland Samfunnshus. Kurset var gratis for deltakarane, takka vera eit samarbeid med Hjelmeland Frivilligsentral og med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. Laila Øvrehus og Morten Hetland var kursleiarar, og i løpet av dei to dagane var det 10–12 ungdommar innom på kurset.

Hausten 2016 fekk Hjelmeland Ungdomsteater tildelt kr 25.000 frå Hjelmeland Sparebank sitt gåvefond til bygging av nytt øvingslokale og intimscene i bomberommet i kjellaren på Hjelmeland Samfunnshus. Me har fått avklart at Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag SA, som er huseigar, ikkje har behov for dette rommet sjølv, og at det kan brukast til teaterverksemd. Vartdal Plast AS har sponsa 120 kvadratmeter isolasjon til golvet, byggevarekjeden BYGGI har sponsa med maling til ein verdi av kr 5.000, og Enkel Bygg og Butikk AS har gitt oss gode prisar på byggjevarer og laminat til golvet. Dessutan har Jon-Viggo Andresen, Idar Eikelid, Jarle Hetland, Martin Hetland, Morten Hetland, Jake E. Karlsen, Ole August Schläwicke, Henrik Smith og Laila Øvrehus bidratt med dugnadsarbeid. Elles takkar me Ullestad og Jansen Transport AS for lån av industristøvsugar.

SPELEFILM: Judith Synnøve Svendsen, Jonah Hauge, Oskar Ommundsen, Amund Thomsen, Herman Breivik Rød og Øyvind Pedersen har dei største rollene i spelefilmen «Å velta ei ku». (Foto: Hilde Hauge/Feien og Fjong)

I juni 2017 starta innspelinga av spelefilmen «Å velta ei ku», basert på romanen «Å velta ei ku» av Vegard Terøy. Filmmanuset er skrive av Morten Hetland, som er regissør saman med Laila Øvrehus. Amund Thomsen og Herman Breivik Rød spelar hovudrollene. 20. august 2017 blei den siste scenen spelt inn, og no gjenstår berre komponering, innspeling av forteljarstemme og klipping av filmen. Filmen har premiere på Hjelmeland Samfunnshus 1. februar 2018.

 

Økonomi

Rekneskapen for 2016, som blei godkjent av ekstraordinært årsmøte 10.05.2017, viste totale inntekter på kr 159.211,98 og eit årsresultat på kr -52.318,16. Tilsvarande tal for 2015 viser totale inntekter på kr 167.475,00, og eit årsresultat på kr 67.555,66.

Årsrekneskapen for kalenderåret er likevel misvisande og lite eigna til å visa aktiviteten i Hjelmeland Ungdomsteater, sidan aktiviteten samsvarer med teateråret. Rekneskapen for teateråret 2016/2017 (01.08.2016–31.07.2017) viser derimot eit heilt anna inntrykk: Totale inntekter var på kr 233.783,73 i teateråret 2016/2017, mot kr 160 719,03 i teateråret 2015/2016. Årsresultatet enda på kr 2.599,52, mot kr -29.645,49 i teateråret 2015/2016.

 

Sosiale samkomer
JUBILEUM: Hjelmeland Ungdomsteater markerte fem år med å arrangera ein skikkeleg fest for seg sjølv. (Foto: Morten Hetland)

29. oktober 2016 feira Hjelmeland Ungdomsteater 5-årsfest på Hjelmeland Samfunnshus. I utgangspunktet var det planlagt ei jubileumsframsyning, men styret valte å satsa på eit sosialt og triveleg pusterom for ungdommane. Festen blei arrangert av ungdommane sjølv, med komitár for matlaging, pynting/borddekking og leikar/underhaldning.

16. juni 2017 hadde me kombinert sommarfest med premierefestar for «Klimadrama» og «Løvenes konge» på Spa-hotell Velvære på Hjelmeland. Me fekk servert nydeleg middag- og dessertbuffet, og underhaldninga var talar, kåringar og visning av «Løvenes konge» i den eine suiten på hotelltaket.

 

Kurs og kompetanseheving
SCENOGRAFDOKTOR: Jarle Hem (t.v.) frå Frilynt Norge drøftar tankar om scenografi saman med Laila Øvrehus og Willi E. Lippek. (Foto: Morten Hetland)

8. september 2016 fekk me besøk av scenograf Jarle Hem frå Frilynt Norge, som bidrog med tankar og gode idéar til scenografi i «Løvenes konge».

21.–23. oktober 2016 reiste Laila Øvrehus og Morten Hetland til Oslo for å delta i kurset Regi og teaterproduksjon – modul 1: Instruktøren/regissøren. Kurset varte ca. 20–25 timar, og tok føre seg følgjande tema: Roller i teamet, metodar/verktøy, skodespelartrening, casting og improvisasjon.

4.–5. februar 2017 deltok Henrik Smith, Morten Hetland og Nancy Øvrehus i Rogaland Teaterråd si kurshelg på Hotel Alstor i Stavanger. Henrik og Morten tok kurset i skodespelteknikk, mens Nancy deltok i sminkekurset.

Øvingane til «Jul i Viga», «Klimadrama» og «Løvenes konge» var dessutan godkjende som 115-timars kurs i Skodespelarteknikk for vidarekomne (kurslærarar: Morten Hetland og Laila Øvrehus) og Lys- og lydteknikk for vidarekomne (kurslærarar: Henrik Smith og Leif Velde-Johannessen). For desse kursa får Hjelmeland Ungdomsteater tildelt kurstilskot frå Studieforbundet kultur og tradisjon.

 

Teknisk utstyr

I august 2016 monterte Per Inge Egeland, Henrik Smith og Morten Hetland nye LED-lyskastarar i lysriggen over scenen på Hjelmeland Samfunnshus. LED-lyskastarane med tilhøyrande programvare og PC for lysstyring gjev teknikarane større fleksibilitet og kunstnarisk fridom i lyssettinga. Ein bonus er at LED-lyskastarar trekk betydeleg mindre straum enn dei gamle halogen-lyskastarane. Våren 2017 investerte me òg i ny PC til avspeling av lydfiler.

 

Utmerkingar

Leiar og instruktør Morten Hetland blei i desember 2016 tildelt Hjelmeland kommune sin Kulturpris.

 

Representasjon

Nancy Øvrehus har vore første varastyremedlem i Rogaland Teaterråd.
Morten Hetland har vore styremedlem i Folkeakademiet i Hjelmeland.

PRISVINNAR: Ordførar Bjørn Laugaland (t.v.) delte ut Kulturprisen 2016 til den stolte prisvinnaren, Morten Hetland (t.h.), som mellom anna har vore aktiv i å parodiera ordføraren i både show og revyar i Hjelmeland dei fem siste åra. (Foto: Eldfinn Austigard)
OPPGRADERING: Dei nye LED-lyskastarane gjev lysteknikarane nye moglegheiter til å setja den rette stemninga på scenen til ei kvar tid. (Foto: Magnar Riveland/Strandbuen)