Hjelmeland Teater

15.–17. mars 2018

Dramamusikalen «Her er mitt liv» er basert på songar som er gjort kjende av Kim Larsen. Magnar Riveland har omsett songane hans til norsk, og skrive rammeforteljinga som bind songane saman til ei rørande historie.

I «Her er mitt liv» får publikum følgja Jørgen gjennom barndom, ungdom og vaksenliv. Jørgen og bestevennen Svein deler barndoms- og ungdomstida saman, og berre dei to veit alt om kvarandre – dei er blodsbrødre. Men det viser seg at dei er interesserte i den same kvinna.

Musikalen er på ingen måte knytta til Kim Larsen og hans liv. Den handlar om orda og tonane i songane hans – historiene dei fortel, kjenslene dei beskriver, gleda og trøysta dei gjev. Songutvalet er variert: Songskattar som «This Is My Life», «Papirsklip» og «Joanna» er sjølvsagde innslag, saman med mindre kjende songar som mellom anna «Jyllingevej», «Byens hotel» og «Fru Sauterne».

→ Les òg artiklane Dei unge briljerte i Kim Larsen-musikalKim Larsen på hjelmelandsk og Kim Larsen-musikal i mars, eller høyr Lokalen på NRK Rogaland sin reportasje Kim Larsen-musikal i Hjelmeland.

Skodespelarar

Øyvind Pedersen – gamle Jørgen

Jonah Hauge – litle Jørgen

Hilde Hauge – Mor

Oskar Ommundsen – Far

Frida Hauge – Søster

Jone Nessa – litle Svein

Ole August Schläwicke – unge Jørgen

Amund Thomsen – unge Svein

Krister Seljeset – Rektor/Lensmann/Bedemann

Cathrine Kvame – unge Joanna

Susanne Marie Mangle Kvame – unge Susan

Joar Hauge – vaksne Jørgen

Judith Synnøve Svendsen – vaksne Susan

Magnar Riveland – Bartender

Elin Vestersjø – vaksne Joanna

Edel Gausland – gamle Joanna

Morten Hetland – gamle Svein

Manus

Magnar Riveland

basert på songar av Kim Larsen m.fl.

Regi

Laila Øvrehus

Morten Hetland

Lys- og lydteknikar

Henrik Smith

Sufflør

Monika Vanvik

Musikk

Anders Smith – kapellmeister, bass og kor

Espen Bomark – slagverk

István Horváth – piano og tangentar

Ole Henrik Olsen – gitar

Roger Sjursen – saksofon, trekkspel, klokkespel, el-gitar, egg, trestokk, pappkopp og kor

Scenografi og lyssetjing

Laila Øvrehus

Morten Hetland

Scenearbeidarar

Krister Seljeset

Morten Hetland

Magnar Riveland

Joar Hauge

Judith Synnøve Svendsen

Oskar Ommundsen