Hjelmeland Teater og Hjelmeland kulturskule

28. november 2017

Hjelmeland Teater og Hjelmeland kulturskule samarbeidde med Ryfylkemuseet om å skapa julestemning i Vigatunet.

Juleforteljinga «Jul i Viga» handlar om fjosnissane og stabbursmusene som ikkje synest det er kjekt å bu i Vigatunet når det ikkje bur folk her fast lenger. Men så kjem Stinemor og den snille naboen Ola på besøk, og mimrar om korleis det var i Vigatunet tidlegare.

Skodespelarar frå Hjelmeland Teater spelte dei forskjellige rollene, mens elevar frå Hjelmeland kulturskule bidrog med fele- og blokkfløytemusikk til allsongen.

→ Meir informasjon om arrangementet og billettar

«Jul i Viga» blei sett opp i samarbeid med Ryfylkemuseet.
«Jul i Viga» blir sett opp på museumsgarden Vigatunet i samarbeid med Hjelmeland kulturskule og Ryfylkemuseet.
Skodespelarar

Ole A. Schläwicke – Nisse-Lars

Janne Fagerland Sjursen – Nisse-Line

Berthine Marie Bergman – stabbursmusa Karoline

Tarjei Sellevoll – stabbursmusa Kalle/Fjosnissen

Elise Bergøy – Stinemor

Morten Hetland – nabo Ola

Musikk

Berthine Marie Bergman – blokkfløyte

Elise Sværen Oaland – fiolin

Manus

Morten Hetland

Turid Lisbeth Nygård

Regi

Laila Øvrehus

Morten Hetland

Lys- og lydteknikk

Joakim Hetland

Jan-Eric W. Banaszkiewicz

Knut Øygard Dale

Sceneteknikk

Tadas Baranauskas