Hjelmeland Ungdomsteater

19. januar 2017
ENGASJERTE: Oda Helgaland, Berthine Marie Bergman, Siri Kvame, Susanne Marie Mangle Kvame, Isabella Jansen Fiskå, Janne Fagerland Sjursen, Vanessa Meidell, Vilde-Marie Spilde, Lena Poulsen og Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen deltok i «Klimadrama», eit nasjonalt ungdomsteaterprosjekt som hadde som mål å engasjera ungdom i problemstillingar knytt til klimaendringar. (Foto: Morten Hetland)

«Klimadrama» handlar om korleis folk stiller seg til klimakrisa. Manuset er skrive av Merete M. Stuedal og Lisa Smith Walaas på oppdrag frå Norsk Klimanettverk, og har som mål å få ungdom emosjonelt engasjert i klimasaka.

Gartnaren kjenner ei djup kjærleikssorg over ei plante som ikkje greier å leva lenger. Den umotiverte juksar når ho resirkulerer. Den uengasjerte skyv ansvaret over på politikarane. Politikarane står på kanten av stupet og forhandlar om jorda si framtid. Den engasjerte ser jorda kollapsa rundt seg, men nektar å gje opp. Eit team av superheltar kjempar for å redda menneska frå å øydeleggja planeten. Ein einsam isbjørn ventar i spenning.

Hjelmeland Ungdomsteater viste «Klimadrama» 19. januar 2017 – i samband med Klimafestivalen §112 – i samarbeid med Folkeakademiet Hjelmeland og med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Frilynt Norge.

SUPERHELTAR: Vegan, Recycle og Bicycle er dei sentrale rollene som prøver å overbevisa menneska om å gjera noko no, for å ikkje øydeleggja jorda for all framtid. (Illustrasjon: André Martinsen)
Skodespelarar

Susanne Marie M. Kvame

Bertine M. Bergman

Oda Helgaland

Isabella Jansen Fiskå

Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen

Vanessa Meidell

Lena Poulsen

Janne Fagerland Sjursen

Siri Kvame

Vilde-Marie Spilde

Tekst

Lisa Smith Walaas

Merete M. Stuedal

Regi
Laila Øvrehus
Lys- og lydteknikk

Knut Øygard Dale – lyd

Jan-Eric W. Banaskiewicz – lyd

Sceneteknikk

Joakim Hetland

Christoffer Nordbø