Hjelmeland Ungdomsteater

29.–30. april 2016
KRIMKOMEDIE: Skodespelarane i «Mord over ein låg sko». Frå venstre: Siri Kvame, Vilde Øvrehus Riveland, Isabella Jansen Fiskå, Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen, Jake Rojas, Sebastian Altamirano, Tarjei Sellevoll og Amund Thomsen. Framme sit Bjørn Olsen og Anna Solvang Vadla.
KRIMKOMEDIE: Skodespelarane i «Mord over ein låg sko». Frå venstre: Siri Kvame, Vilde Øvrehus Riveland, Isabella Jansen Fiskå, Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen, Jake Rojas, Sebastian Altamirano, Tarjei Sellevoll og Amund Thomsen. Framme sit Bjørn Olsen og Anna Solvang Vadla. (Foto: Morten Hetland)

Ti skodespelarar frå Hjelmeland Ungdomsteater spelte i kriminalkomedien «Mord over ein låg sko», skrive av Knut Nærum, og regissert av Laila Øvrehus, Edel Gausland og Morten Hetland.

Året er 1936. Mørke skyer samlar seg over herregarden Såleborg. Mange har grunn til å ynskja livet av skofabrikant Hermann Platt. Dessutan har gentlemansforbrytaren Skyggen meldt at han ved midnatt vil stela den etruskiske dolken på godset.

Fem lys- og lydteknikarar og ti skodespelarar i alderen 13–18 år har øvd intenst på manuset sidan starten av januar. Kriminalkomedien blei vist på Hjelmeland Samfunnshus fredag 29. og laurdag 30. april 2016.

PLAKAT: Tidlegare skodespelar i Ungdomsteateret, Christian Laugaland Munthe, har teikna plakaten til «Mord over ein låg sko».

PLAKAT: Tidlegare skodespelar i Ungdomsteateret, Christian Laugaland Munthe, har teikna plakaten til «Mord over ein låg sko».

Skodespelarar

Sebastian Altamirano – Ulrik Platt, son av skofabrikant Hermann Platt

Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen – Trude, stovepika

Isabella Jansen Fiskå – Frøken Dausen, hushalderska

Siri Kvame – Veronica Platt, dotter av Hermann Platt

Tarjei Sellevoll – Thomas Trampe, trulova med Veronica og underdirektør på A/S Platt Sko

Vilde Øvrehus Riveland – Fifi L'Amour, kabarétsongarinne

Jake E. Karlsen – Hermann Platt, skofabrikant

Anna Solvang Vadla – Hedda Hoffmann, Platt sin privatsekretær

Bjørn Olsen – Frank Falkner, den nye sjåføren

Amund Thomsen – Inspektør Bulle

Jake E. Karlsen – Skyggen

Manus
Knut Nærum
Regi

Laila Øvrehus

Edel Gausland

Morten Hetland

Lys- og lydteknikk

Willi E. Lippek

Lars Martin Mikalsen Meland

Christoffer Nordbø

Joakim Hetland

Herman Breivik Rød