Ungdomsteateret

Ungdomsteateret til Hjelmeland Teater er eit fritidstilbod for ungdommar i alderen 13–18 år.

Engasjerte instruktørar arbeider saman med ungdommane, for å skapa ein sosial og trygg arena, der ungdommane opplever glede, meistring og personleg vekst gjennom å delta i spanande og utviklande teateraktivitetar.

Me samlast til faste øvingar/samlingar på Hjelmeland Samfunnshus kvar onsdag og fleire øvingshelger i skuleåret.

Ungdomsteateret jobbar målretta med å:

  • tilby fritidsaktivitetar i eit positivt ungdomsmiljø
  • etablera vennskap blant ungdommane
  • auka ungdommane si meistringskjensle og sjølvtillit
  • gje ungdommane tryggleik til å stå fram
  • betra ungdommane sin hukommelse og konsentrasjon
  • betra ungdommane si språkforståing
  • utvikla ungdommane si sosiale forståing
  • trena ungdommane i samarbeid
  • utvikla ungdommane sin stemmebruk og musikalitet
  • utvikla ungdommane sine ferdigheiter innan lys-, lyd- og sceneteknikk
  • betra ungdommane sin artikulasjon og uttale

Frammøte og forfall: Alle medlemmene må møta til oppsette øvingar. Føresette skal gje beskjed på SMS til leiaren (tlf. 45 43 69 05) så tidleg som mogleg, når ein veit at ungdommen ikkje kan koma på øving. Jf. skodespelarkontrakten er sjukdom eller arrangement i regi av skulen einaste gyldige fråver.

Målgruppe: Ungdom i alderen 13-18 år (frå og med 8. klasse). Me treng skodespelarar, songarar, dansarar, scenearbeidarar og lys- og lydteknikarar. Det er òg fint om du kan spela eitt eller fleire musikkinstrument.

Opptak: Hjelmeland Ungdomsteater har berre eitt opptak i løpet av teateråret – i løpet av dei fire første vekene i nytt teaterår (august/september). Styret kan gjera unntak frå denne regelen etter særskilt søknad.

Medlemspengar: Aktive medlemmer i Hjelmeland Teater betaler kr 250 i medlemspengar. Faktura på medlemskontingent blir sendt til medlemmene i starten av teateråret, eller ved innmelding.

Øvingsplan

Oppdatert øvingsplan er tilgjengeleg for medverkande og føresette i Spond.

Ungdomsteateret sine trivselsreglar:

Alle skal trivast i eit trygt miljø, der du har lov til å:

  • koma med gode forslag og idéar
  • tulla og tøysa, når det passar
  • gje kvarandre klemmar
  • skryta over dei andre
  • dumma deg ut
  • vera deg sjølv
  • vera høfleg
  • kle deg ut
  • vera rusfri
  • ha det kjekt
  • setja eigne grenser
  • syngja, dansa og spela
  • vera presis til øvingane
  • visa respekt for dei andre
  • spytta tyggis og anna snop i søpla
  • vera stille når dei vaksne ber om det
  • slå av mobiltelefonen under øvingane
  • spela skodespel, eller hengja med Leif
  • gje beskjed til Morten viss du ikkje kan koma på øving

Vedtekne av medlemmene i Ungdomsteateret til Hjelmeland Teater, 27.08.2014